ATRÅ KYRKJE
Den fyrste kyrkja i Atrå var ei stavkyrkje bygd rundt 1180. Ei runeinnskrift viser
at kyrkja vart innvigd av bisp Ragnar frå Hamar. (Kopi av denne innskrifta heng
i våpenhuset.) Etter å ha vore bruka i mange hundre år, var kyrkja i så dårleg til-
stand at folk i bygda vart enige om å byggje ei ny kyrkje. Stavkyrkja vart riven
og trevirket seld på auksjon. Rundt i bygda finst det enno materialer frå gamle-
kyrkja, noko er på Oldsakssamlinga, og noko er i ”nykyrkja”.
Bygdefolket ville no helst ha ei krosskyrkje, men departementet avgjorde at det
skulle bli langkyrkje. Arkitekt Linstow (slottsarkitekten) blei beden om å lage
teikningar. Byggearbeidet starta i 1834 og den nye kyrkja var ferdig og vart
innvigd 4.sept. 1836. Prost Schive som sto for sermonien hadde dette ønskjet
for kyrkja: ”Herrens velsignelse hvile over dette vakre tempel og over alle dem
der samles i samme til Herrens tilbedelse og dyrkelse.”
Det var ikkje altertavle, men istaden ein stor, gyld kross gjeven av prost Schive.
Kyrkja har blitt ombygd noko, og i 1908 vart sidegalleria tatt bort, nye benkar kom også.
Det store kvite taket vart delt opp i mindre felt. Altertavle kom også
under denne ombygginga. Ho er måla av Lars Osa, og er ein kopi av Eilef
Pettersen si altertavle i Kristiansand domkyrkje. Orgelet er frå 1922.
Ei av kyrkjeklokkene er frå 1925, dei to andre er frå stavkyrkja.
I våpenhuset finn vi og ustyr frå stavkyrkja: deler av ein skriftestol, deler av
himlinga, eit gamalt alterskåp og preikestolen. På alteret er det ein duk som er
om lag 275 år. Duken er ei gåve laga av Mette Green slik at mannen hennar,
presten Peder Green skulle få fred i grava. I koret heng ei gamal lysekrone som
og kjem frå stavkyrkja.
I 1951/52 vart kyrkja på ny pussa opp. No vart ho også rosemåla av kunstnaren
Øystein Orekås. Han kjem frå den kjende Luråsslekta i Austbygde. Arbeidet
varde i om lag eitt år og kyrkja vart opna att med festgudsteneste 13.april 1952.
I seinare tid er sakristiet i kyrkja pussa opp og er i dag eit tenleg undervisnings-
og møterom med eigen kjøkenkrok.
Olav Andreas Hvalen
Atrå
Foto: Sigmund Holte
For å sjå video frå Atrå Kyrkje sin festgudsteneste 13.april 1952 klikk HER.