23. februar 2012

Hjem Frøystul fjellkirke Rjukan kirke Dal kirke Mæl kirke Atrå kyrkje Austbygde kyrkje Hovin kyrkje Skirva fjellkyrkje

 
Minimer

HOVIN KYRKJE

Hovin kyrkje er ei tømra langkyrkje frå 1850. Byggverket er i tre med plass til ca. 250 personer.
På møte i Tinn prestegard 29.okt 1846 gjeld saka bygging av den nye kyrkja. Møtet vedtok å godta tilbod på kyrkjearbeidet frå byggmeister H. A. Olsen frå Kongsberg. Kyrkja blei bygd etter arkitekt Linstows typeteikningar. Betalinga for det heile, med mur og alt trearbeid, skal vere 800 spesidaler. I brev av 31.mai 1850 fastset biskopen i Kristiansand, Jacob von der Lippe, vigslingsdatoen til torsdag 29.august samme år.
Hovin kyrkje er av dei etterkvart færre kyrkjer som har manuell ringing. I tårnet heng det to klokker, og den største veg ca. 150 kg.
Etter lengre tids førebuingar, møte og undersøkjingar kom det i gang eit restaureringsarbeid i Hovin kyrkje i september 1979. Det gjekk fyrst og fremst ut på å få attende opphavlege fargar og dekor etter tilråding av Riksantikvaren, men det vart og gjort ein del snikkararbeid av mellom andre Olav Bjørnskås frå Hovin.

Det ble utgjeve eit hefte i år 2000 av Hovin sokneråd "Hovin kyrkje 150 år" Knut Arne Snøås.

                   

I bygda vår ei kyrkje står
ved elva på ein mo.
Og tårnets topp, han peikar opp
mot Gud og evig ro.

Det står`kje høgt på topp og tind,
vårt gamle kyrkjehus.
Men i ein dal vi kyrkja finn,
med stille elvesus.

Og klokkeljomen frå vår borg
han stig mot himlen blå.
Han syng i glede og i sorg,
når kolvane får slå.

At kyrkjer stend i nord og sud,
er godt for sjeli vår.
Då får vi koma inn til Gud
og lækja vonde sår.

No er du 150 år,
står støtt i mold og stein.
Du lyser for oss kvit og klår,
og er for oss ein heim.

Knut Arne Snøås
År 2000
 



Uttalelse om privatliv  |  Betingelser for bruk
© Tinn kirkelige fellesråd - Powered by LabOra - Agrando AS