Tinn > Kontakt > Artikler > Artikkeldetaljer


Kveldsbøn


Ei tid for bøn og fellesskap.

Atrå kyrkje ons 21. oktober 2020 kl 18.00
Hovin kyrkje ons 18. november kl 18.00
Hovin kyrkje ons 16. desember kl 18.00

AVLYST: 
Hovin kyrkje ons 23. september 2020 kl 18.00 

BØN
- Veksellesing med bøner, musikk og salmesong

FELLESSKAP
- Me har tid til kaffe og ein prat.
- Dei som ønsker kan få forbøn og samtale. 

Knut Arne Snøås
Organist

Toralv Frøysaa Lie
Sokneprest

KVELDSBØN - TIDEBØN
Me bruker ei av dei gamle tidebønene med røter tilbake i den første kristne tid.
Me bruker den som ei felles bøn i samlinga vår kl 18

Tanken med desse samlingane er å søke ro og stille for Guds andlet. 

Det er godt å vera stille
og venta på hjelp frå Herren.

Klagesongane 3,26

Eit anna namn på Kveldsbøn er Nunc Dimittis - åpningsorda i Simeons lovsong.

Simeons lovsong
    29 «Herre, no lèt du tenaren din fara herifrå i fred,
          slik som du har lova.
    30 For mine auge har sett di frelse,
    31 som du har gjort i stand like for andletet på alle folk,
    32 eit lys til openberring for heidningane
          og til ære for folket ditt, Israel.»

Tilbake