Tinn > Kontakt > Artikler > Artikkeldetaljer


Kveldsbøn


Ei tid for bøn og fellesskap.

Kveldsbøn 
 Torsdag 7. januar kl 18 i Hovin kyrkje
 Torsdag 4. februar kl 18 i Hovin kyrkje
 Torsdag 18. mars kl 18 i Austbygde kyrkje
 Torsdag 22. april kl 18 i Atrå kyrkje

BØN
- Veksellesing med bøner, musikk og salmesong

FELLESSKAP
- Me har tid til kaffe og ein prat.
- Dei som ønsker kan få forbøn og samtale. 

Knut Arne Snøås
Organist

Toralv Frøysaa Lie
Sokneprest

KVELDSBØN - TIDEBØN
Me bruker ei av dei gamle tidebønene med røter tilbake i den første kristne tid.
Me bruker den som ei felles bøn i samlinga vår kl 18

Tanken med desse samlingane er å søke ro og stille for Guds andlet. 

Det er godt å vera stille
og venta på hjelp frå Herren.

Klagesongane 3,26

Eit anna namn på Kveldsbøn er Nunc Dimittis - åpningsorda i Simeons lovsong.

Simeons lovsong
    29 «Herre, no lèt du tenaren din fara herifrå i fred,
          slik som du har lova.
    30 For mine auge har sett di frelse,
    31 som du har gjort i stand like for andletet på alle folk,
    32 eit lys til openberring for heidningane
          og til ære for folket ditt, Israel.»

Tilbake