Er du gullkonfirmant?
Er det 50/51 år sidan du vart konfirmert i Austbygde, Atrå, Mæl eller Hovin kyrkje? Da ynskjer soknerådet å invitera deg med følge, til «gullkonfirmanttreff» sundag 26. oktober 2025.
Dagen tek til med gudsteneste i Atrå kyrkje kl. 11.00
Etter messa samlast vi til middag og hyggelege minne på Atrå samfunnshus.
Det er soknerådet saman med presten som står for arrangementet.
Vi står for maten, men det er de som skal samlast og «mimre» om gamle dagar. Forbered gjerne en tale eller ein forteljing frå konfirmasjonstida.
Er det nokon som ikkje kan koma, så ta gjerne kontakt, så kan vi bringe fram ei helsing.
Er det nokon som har bilete frå konfirmasjonstida, så ta dei gjerne med, eller mail dei til siljesjotveit@gmail.com (så viser vi dei på skjerm).
Dette er ein festdag, og det er hyggeleg om folk har på seg bunad.
Prisen for middag er kr. 200,- per person.
Det betalas på Tinn sokn sitt kontonummer 2620.20.04783 eller på Vipps 78988 innen 13.oktober. Merk innbetalinga med «Gullkonfirmant».
Vi må be om ei tilbakemelding om kven som kjem innan mandag 13.oktober til Silje Sjøtveit, 3650 Tinn Austbygd, tlf. 97541299 eller epost:
siljesjotveit@gmail.com
Gje også beskjed om allergier.