17. august kl 19
Inngang: 200 nok
Under 18 år: gratis
Konsert nr. 3 i “Dei fire årstider - heile livet med fela”.
Anne Hytta spelar slåttar frå Tuddal og Tinn på konserten i Attrå kyrkje, fletta saman med hennar eigne slåttefabuleringar, der ho hentar klangar, løp og linjer frå tradisjonen, frys dei fast og formar om, speglar dei inn i augeblikket i ei meditativ musikalsk ramme.
Lyttarane kan lene seg tilbake og vandre inn i lyttinga.
Hytta er frå Sauland, og byrja i hardingfelelære hjå Einar Løndal i Tuddal som 11-åring. Løndal-tradisjonen er i dag hennar musikalske morsmål, og Tinn-spelet er ein solid understreng for denne tradisjonen.
Som utøvar og komponist er ho prislønt for hennar nye vegar inn i og ut av slåttespelet.
Arrangør: Dahleminnefondet