Søndag 28. september blir det neste ledd i feiringen av Hovin kyrkja 175 år.
Da kommer Knut Buen!
I høve at Hovin Kyrkje er 175 år blir det halden messe i kyrkja den 28.09 . med etterfylgjande kulturprogram kalla «Hymne til Hovin».
Det er gratis inngang, og alle er velkommen
Kyrkjejubileum og Hymne til Hovin
Organist Knut Arne Snøås og spelemannen Knut Buen vil da framføra musikk på orgel og hardingfele, mykje relatert til lokal tradisjon og kjennskap til stadeigne folkeminne. Bygda har hatt gjeve berarar av folketonar og slåttespel gjennom åra, noko som det vil bli gjeve musikalske døme på. Hovinsongen, skriven av lærar Torvald Børtnes vil au bli eit allsongnummer denne gongen. Ynskjemålet med konserten er å æra bygdesoga, kristentru, naturen og kulturarven i den vene delen av Telemark som Hovin er, og har vore.