Søndag 19. oktober kl 19 blir det konsert i Atrå Kyrkje med Knut Buen forteljing og hardingfele, Kåre Nordstoga, orgel.
Soga om den store innsats, samling og formidling av slåttar Knut Dahle gjorde i si tid har blitt ein vesentleg del av både nasjonal og internasjonal musikkhistorie. At han tok kontakt med ein inspirert Edvard Grieg og fekk møte Johan Halvorsen, som skreiv ned eit utval av slåttane hans på noter, fekk konsekvensar langt utover kva han sjølv hadde tenkt i utgangspunktet. Originalslåttane blei grunnlag for eit av Edvard Grieg sine mest vidgjetne verk, Op. 72. Slåtter.
Knut Dahle, både gadd og elska, taka vare på eigenarten han fann hjå ulike førebilete, så vel tradsisjonsrelaterte som personlege slåtteformer hjå ulike kjelder han lærte av. Barnebarna av Knut, Johannes og Gunnar, tok så arven vidare til spelemenn i vår nære fortid, og dei spela inn i arkiv alt kva dei kunne for ettertida.
For Knut Buen, til dømes, blei denne tradisjonen noko av det viktigaste i aktiv yrkesutøving, som sogeskrivar av boka «Som gofa spølå» og som spelemann. Knut vil fortelja om dette og spela slåttar, solo, knytt til soger og minne.
Men Knut har også nytta av dette stoffet i samspel med Kåre Nordstoga på orgel, framført i konsertar og på innspela fonogram. Knut og Kåre vil gjeva døme på dette repertuaret, men og slåttar i original på hardingfele og bearbeidd av Kåre, som solonummer på orgel. Kåre har og satt ut for orgel nokre av dei same slåttane Edvard Grieg bearbeidde for piano, i op. 72. Det blir noko nytt å lyda til.
Sidan dette er den siste, og haustversjonen, i konsertserien Øystein Haugen i Tinn Spelemannslag har hatt ide til og gjennomført, så kan det også bli eit overraskande innslag folk som møter opp får oppleva denne oktoberkvelden i Atrå Kyrkje.